Skodespelarutdanning for studentar med innvandringsbakgrunn

 

 

 

 

 

 

 

 

Skodespelarutdanning for studentar med innvandringsbakgrunn

Det Norske Teatret ønskjer å gi tilbod om skodespelarutdanning for studentar med ikkje-vestleg innvandringsbakgrunn. Utdanninga blir treårig og vil leie til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet vil få tilbod om eit praksisår med løn på Det Norske Teatret. Studiet bilr gjennomført i samarbeid med Høgskulen i Nord-Trøndelag, men undervisningsopplegget er primært på Det Norske Teatret.

Bakgrunn for studiet

Det har lenge vore ei felles oppfatning både innanfor og utanfor det norske teatermiljøet at det blir rekruttert altfor få skodespelarar frå innvandringsmiljøa. Det multinorske er eit unikt initiativ frå Det Norske Teatret som meiner at teatra må kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Det er derfor Det Norske Teatret vil setje i gang eit utdanningsprosjekt i regi av Det multinorske for skodespelarar med innvandringsbakgrunn.

Søknadsfrist: 19 mars 2012

Opptaksprøve: fra 23 april – 8 mai 2012

Studiestart: august 2012

Kontakt: detmultinorske@detnorsketeatret.no

Skodespelarstudiet ved Det Multinorske blir gjennomført i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag. 

Last ned søknadsskjema. 

Studentane vil ha status som studentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, med rett til lån og stipend frå Lånekassen.

Opptaksprøver del 1 – første prøve

Du må førebu eit program på minimum 5 og maksimum ti minutt. Innhaldet er sjølvvalt, men må innehalde ord/tekst. Teksten kan du hente frå eit eksisterande teaterstykke eller det kan vere ei anna form for tekst som du meiner eignar seg (prosa, dikt). Målet er at du skal få vist deg sjølv og gje osseit inntykk av potensialet ditt. Er du tospråkleg skal du framføre teksten på begge språk. Du har ikkje høve til å ha med deg nokon motspelar på scenen. Bruk av rekvisittar bør avgrensast. Du må ikkje ha kostyme.

Du kan i tillegg vise spesielle ting du kan (til dømes syngje, danse, fortelje ei kort historie/vits). Vi vil gje deg ei oppgåve under prøva og du vil få ein samtale med opptakskomiteen.
Opptaksprøver del 2 – andre prøve

Alle kandidatane skal ha førebudd ei rolle frå ein av tekstane som dei har fått utlevert. Eit avgrensa tal kandidatar vil gå vidare frå første til andre prøve. På andre prøve vil kandidatane få arbeide med ein motspelar og ein instruktør. Prøven vil gå over fleire dagar og skal vere som ein arbeidsprosess med oss som er i opptakskomiteen. Improvisasjon, bevegelsestrening og stemmearbeid vil inngå i denne prosessen.

 

Spørsmål og svar om opptaksprøvene


Eg er nokså ny i Noreg og norsken min er ikkje heilt bra. Kan eg søkje?
Ja, du kan søkje.

Må ein kunne snakke nynorsk for å søkje?
Nei, du treng ingen forkunnskapar i nynorsk.

Eg har gjort ein del dans, men har lyst til å studere teater. Kan eg søkje?
Ja, du kan søkje.

Må eg førebu noko til opptaksprøva?
Ja, dette kan du lese meir om under “opptaksprøver del 1”. Opptaksprogram skal vere sjøvvalt og innehalde tekst. Det kan vere ein monolog frå verdensramatikk eller nok anna ein har funne. Det du vel må kunne få fram potensialet ditt.

Er det berre ei opptaksprøve eller blir det to?

Vi kjem til å ha to-delte opptaksprøver. Alle kjem til første, nokre få blir vald ut for 2. prøve.

http://www.detnorsketeatret.no/SKOLE/Detmultinorske/tabid/208/Default.aspx